Bjørnarågåva

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjørnarågåva er eit legat oppretta av Torgeir Bjørnaraa og valldølar i Amerika for ungdomar som driv med granskingsarbeid knytt til setesdalskulturen. Kriteria for å søkje om denne gåva er at du er under 30 år, og at du er fødd eller busett i Valle kommune eller Bykle kommune.

Målsetjinga er å stø ungdom som arbeider med gransking av tema som gjeld Setesdal og/eller Setesdalskulturen og å utvikle tradisjonsberarar innan kunst og kultur. Den som får tildelt pengar, må seinast eitt år etter tildelinga levere skriftleg rapport til legatstyret om korleis pengane er nytta. Bykle og Valle kommunar har rett til å mottake kvart sitt eksemplar av eventuelle skriftlege arbeid som kjem som resultat av gåvetildelinga.

Søknadsfrist er 15. november kvart år. Legatet sin grunnkapital var pr. 31.12.1991 på kr. 70 227,- (innskot i Valle sparebank). Det formelle ansvaret for legatet har Valle kommune. Endringar i vedtektene kan berre gjerast av kommunestyret i Valle. Kulturkontoret i Valle er sekretariat.

Kjelde