Spanskesjuken

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Spanskesjuken var ein pandemi som gjekk i tre bølger i Norge, sommaren 1918, hausten 1918 og vinteren 1918/1919. Det er blitt estimert at 1,2 millioner nordmenn vart smitta. Av desse reknar ein med at om lag 15 000 døydde.

Både Kristiania og Bergen vart peika på som utgangspunkt for spanskesjuken. Dei første vart rapportert i Kristiania 15. juni 1918. I Bergen og Arendal rapporterte dei om sjuke i slutten av juni. Sjukdommen blei spreidd utover heile landet med trafikken på jernbane og båt, først til byar og tettstader, sidan til mindre stader.

I Setesdal[rediger]

I desember 1918 meldte Fædrelandsvennen at det hadde vore tre dødsfall av spanskesjuken i Evje den hausten. Over 100 hadde vore sjuke, dei fleste i området rundt stasjonen der mange reisande kom nær kvarandre. Også i Evje vart samlingsstader som skular, ungdomshus og bedehus stengde.

Først i slutten av november kom smitten til Valle og Bykle. Der vart flest kvinner smitta, truleg fordi dei måtte pleie dei sjuke. Frå november 1918 til februar 1919 døydde 37 av spanskesjuken i Setesdal. Det oppsiktsvekkande var at av desse var heile 32 under 40 år. Truleg hadde mange eldre tidlegare i livet vore smitta av ein influensavirus som hadde gitt dei immunitet.

Opphav[rediger]

Spanskesjuken var ein type influensa som byrja i ein militærleir i USA våren 1918, siste året i fyrste verdskrigen. Han spreidde seg truleg raskt med soldatar som vart sende til Europa og Asia.. 16 millionar menneske døydde av krigshandlingar 1914-1918, men heile 40 millionar av spanskesjuken i åra 1918-1921. I Noreg døydde 15000.

Kjelder[rediger]