Jordskred på Langeid 1892

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Flaumstor Otra ved Hegland, litt nedanfor Langeid

Jordskred og fjellras, det har det vore mang ei gong i Setesdal gjennom tidene. På Lauvdal gjekk det eit stort ras i 1794, så stort at det vart omtala i den einaste avisa Noreg hadde på den tida, Norske Intelligenssedler. Og på Langeid gjekk det eit ras i 1968. Då kom restar av den tyske anleggsvegen frå krigens dagar rausande ned i dalbotnen. Dette hender gjerne i samband med mykje regn, eller i vårløysinga.

Jordskred under flaumen i 1892[rediger]

Meldaren vor i Bygland skriv at flaumen gjorde stor skade i bygdi. Soleis øydelagte ei jordskreda ein husvaaning paa Langeid i Austad sogn. Husi stod i ein bratt bakke. Tidlig ein morgon losna jordi ovanfor husi og rasa nedyver, tok med seg huset heilt ned til vegen. Huslyden fylgde med. Veggjer, toke, golv, bord, krakkar, sengjer, alt gjekk i knas. Men reint eit under var det: Ingen av dei som i huset var, kom til skade.

Kjelde[rediger]