Jon Klepp

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jon Klepp
Jon Klepp.png
Jon Klepp.
Foto: Faksimile frå Arnstein 1995
Født: 9. august 1906
Død: 25. desember 1994 (88 år)

Jon Klepp (fødd 9. august 1906, død 25. desember 1994) budde på garden Klepp, høgt oppe i heia vest for på vestsida av Byglandsfjorden. Han hadde garden saman med broren Sigurd Klepp. Jon var gift med Kari Klepp, fødd Omholt, frå Evje. Dei hadde borna Nils Klepp, Signe Klepp og Hans Klepp. Etter krigen arbeidde han som oppsynsmann på Evjemoen.

Motstandsmann[rediger]

Under 2. verdenskrig «var Jon Klepp med i motstandsrørsla. Han vart arrestert og send som N.N.-fange til Tyskland, der han vart plaga i fleire av dei verste fangelegra.»[1] Truleg var han den einaste overlevande av tre tusen fangar frå Gross Rosen konsentrasjonsleir i februar 1945.[2]

Ei spesiell historie frå fangeopphaldet i Tyskland fekk heilt avgjerande betydning for livet til Jon Klepp. I slutten av mars 1945 var han i konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen. Han var nå så sterkt avkrefta av svolt og sjukdom at han bokstavleg talt var i døden sin forgard. Ein morgon blei han funnen livlaus i køya på brakka. Han blei erklært død og slengt ut på likhaugen utanfor brakka, saman med dei andre fangane som hadde bukka under gjennom natta.

Ein annan fange i leiren, ein nordmann, kom ved eit tilfelle forbi den svære haugen med lik. Han såg ei hand som rørte seg. Det var Jon Klepp si hand. Nordmannen fekk dradd han ut av likhaugen. Kapoen (vaktmannen) som hadde ansvaret for likberinga nekta å utlevere kroppen til den «døde» mannen frå Setesdal. Det ville øydelegge den oppstilte taloppgåva. Orden måtte det vere. Fangen som hadde dradd Jon Klepp ut av likhaugen fekk til sist kapoen med på ein avtale: Han skulle skaffe eit anna lik å legge i likhaugen, slik at talet på lik blei det same. I tillegg skulle han kome med to boksar sardiner til kapoen. Så å seie på dødens terskel blei livet til Jon Klepp redda.[3]

Kjelder[rediger]

Referanser[rediger]

  1. Gards- og ættesoge for Bygland side 423
  2. Arne Moi: Das Lager: ein Norweger in Bergen-Belsen side 62
  3. Kristen Taraldsen, Reddet fra døden av to bokser sardiner, intervju med Jon Klepp i Fædrelandsvennen 19. desember 1992, attgjeve i Arnstein 1995, side 17-20