Bø (Bygland gnr 66)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

er ein gard nord for Horverak, på vestsida av Byglandsfjorden, i Bygland kommune. Busetnaden ligg sør for garden Klepp, men garden har fleire større teigar vest og nord for Klepp også.

Gardsvaldet femner om eit areal på omlag 8 400 da samla i ein teig frå Byglandsfjorden til Sandvatn. Namnet tyder beint fram «gard», og Bø er opphavsgarden som Tveitå, Klepp og Horverak har gått ut frå. Klepp var ein del av Bø heilt til midten av 1600-talet, medan Tveitå og Horverak har vore sjølvstendige gardar langt tilbake i tid. Teiknar ein opp yttergrensane for desse gardane, dannar dei ein firkant som når frå fjorden til Åseralsgrensa, og med topografisk grense mot Senum i sør og Dale i nord.

Bruk på Bø

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...