Jon Hornnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Hornnes
Jon Hornnes.jpg
Født: 23. november 1904
Død: 19. juni 1944 (39 år)

Jon Mortenson Hornnes (fødd 23. november 1904 i Hornnes, død 19. juni 1944 i Natzweiler fangeleir i Frankrike) var sagbruksarbeidar og motstandsmann under andre verdskrigen.

Jon Hornnes dreiv i nokre år, fram til han vart arrestert av tyskerane 10. februar 1943, sagbruket i Hornnesvika (Doktormonen) som faren hadde sett opp i 1907-1908. Etter arrestasjonen 10. februar 1943 sat Jon fengsla i Kristiansand, på Grini og i Møllergata 19 i Oslo. Han blei 26. september 1943 sendt avgarde til Natzweiler.

Namnet til Jon Hornnes er hoggen inn i minnesteinen er reist ved Hornnes kyrkje til minne om dei honndølane som mista livet sitt i fridomskampen 1940-1945.

Familie

Han var gift med Sofie Hornnes (fødd 1906, jentenamn Abusland). Foreldra var Morten N. Hornnes, fødd 1866, og Gjertrud J. Hornnes (fødd 1867) på gardsbruket Der ute. Dei fekk dottera Gjertrud Finnvold i 1938. Jon Hornnes hadde desse søskena:

  • Amtskoleelev Aasa Mortensdotter født 16.04.1894 i Hornnes,
  • Astrid Elise Mortensdotter født 08.04.1896 på Hornnes
  • Eli Mortensdotter født 13.06.1898 på Hornnes
  • Notto Mortenson født 21.05.1900 på Hornnes
  • Kari Mortensdotter født 29.09.1902 på Hornnes
  • Aasmund Mortenson født 18.04.1907 på Hornnes
  • Trygve Hornnes født 27.05.1911 på Hornnes

Galleri

Kjelder