Hornnes Sagbruk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hornnes Sagbruk 2007. Rv-9 i bakgrunnen.

Hornnes Sagbruk ligg på eigedomen «Doktormonen» ved HornnesvikaHornnes. Innehavar (2017) er Olav Hornnes.

Historie[rediger]

Morten N. Hornnes på bruket Der ute sette opp eit større sagbruk (ei dampsag) i Hornnesvika i 1907-1908. Pristilhøva var vrange, heiter det i gards- og ættesoga for Hornnes, og Morten leid eit stort tap. Saga blei ståande unytta nokre år. Olav T. Frøyså dreiv sagbruket nokre år rundt 1920, no med elektrisk kraft. Seinare var son til Morten N. Hornnes, Jon Hornnes, drivar. Men Jon døydde i tysk krigsfangenskap under 2. verdskrigen. Frå 1949 overtok Grunde Hornnes sagbruket. Han bygde om og moderniserte saga frå grunnen. I 1989 overlet han sagbruket til sonen Olav.

Kjelder[rediger]