Håvreisundet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Håvreisundet er eit smalt parti av Botsvatn i Bykle, om lag midt på vatnet. Vest for Håvreisundet ligg den veglause Botnen, med dei fråflytta gardane Brotteli, Dysje og Bratteland.
Tallak A. Brotteli (f. 1794) drukna her ca. 1820. Han hadde besøkt systera Sigrid på Nesland og var på veg heimover til Brotteli. I 1885 blei det sett opp ein varde om lag der han drukna.
Fornminne
I nærleiken av Håvreisundet, på sørsida av vatnet, er det funne to gamle buplassar. Den eine er tidfesta til steinalderen. På den andre buplassen var funna for små til å tidfeste plassen.
Kjelder
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 18 og side 84
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Alfred Ryningen/Folke Nesland, Stadnamn i Botnen. Gnr. 7, 8, 9, manuskript, 1996, attgjeve av Eivind Bratteland i Dysjesoga, 2018, side 339–346