Hylestad stavkyrkje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hylestad stavkyrkje stod på Kyrkjeodden, på grunnen til Nordihus Bjørgum på det som no er garden Bjørgum, på austsida av Otra i Hylestad i Valle. Ho er nemnd i skriftlege kjelder så tidleg som 1327. Men truleg blei ho sett opp ein del tidlegare, omkring år 1200 eller endå noko før. I denne kyrkja stod dei kjende Hylestadportalane. Stavkyrkja blei rive i 1664. I staden kom det opp ei laftebygd langkyrkje, som stod på same staden til 1838. Hylestadportalane følgde med til den nye kyrkja.

Kjelder