Bjørnarå-Optestøyl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Rv-9 rett nord for Bjørnarå 31. juli 2018. Arbeidet med den nye traséen var då så vidt komen i gang.

Riksveg 9 Bjørnarå - Optestøyl er eit vegprosjekt som er planlagt gjennomført på Riksveg 9 ved Bjørnarå i Bykle. Planområdet går frå kommunegrensa mot Valle i sør forbi Bjørnarå og nordover til Optestøyl. Lengda på den nye parsellen er ca. 5,1 km. Føremålet med tiltaket er å auke trafikktryggleiken og framkomet på strekninga. Det skal skje ved at ein utbetrar den eksisterande strekninga med ei høgare vegbredde frå 5,5 m til 7,5 m («gul midtstripe»), lagar betre kurvatur, får betre stigningsforhold, aukar vegens bæreevne, betrar siktforholda og etablerer sikkert sideterreng. Alle tiltaka vil i hovudsak skje på eller nær den eksisterande vegen.

Bykle kommunestyre vedtok detaljreguleringsplan for Rv-9 Bjørnarå - Optestøyl i kommunestyremøte 17. november 2016. I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017 i Stortinget i desember 2016, blei det sett av midlar til oppstart av prosjektet i 2017. Heile prosjektet er kostnadsrekna til ca 120 millionar kroner.

I slutten av mai 2018 blei det kjent at Hovden Hytteservice var tildelt arbeidet med å bygge traséen. I juli 2018 kom arbeidet i gang.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]