Riksveg 9 Badstogdalen–Hartevatn
Hopp til navigering
Hopp til søk

Ordførar Jan Dagfinn Dalen føretok den offisielle opninga av parsellen 11. oktober 2022.
Foto: Geir Daasvatn
Riksveg 9 Badstogdalen–Hartevatn er ein parsell på Riksveg 9 som er utbetra frå hausten 2021. Offisiell opning var 11. oktober 2022. Då stod det att nokre mindre arbeid utanfor vegbanen som skulle fullførast våren 2023. Hovden Hytteservice var hovudentreprenør for arbeidet. Kontrakta var på rundt 40 millionar kroner. Totalkostnaden til slutt blei om lag 75 millionar kroner, inkludert planlegging, grunnerverv og utbygging.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Hovden Hytteservice AS sikra seg nok eit riksveg 9-prosjekt, artikkel i Setesdølen nr. 55, 2021, side 4
- Artikkel om offisiell opning av vegstykket på heimesida til Bykle kommune
- Olav Åsen Haugsgjerd, Opna 6,8 km ny veg, artikkel i Setesdølen nr. 77, 2022, side 12