Hornnesvegen 10 (Evje og Hornnes gnr. 15 bnr. 54)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnesvegen 10 21. januar 2016.

Hornnesvegen 10 er ein eigedom (gnr. 15 bnr. 54) i garden Hornnes. Husa ligg mellom gardsbruket Haugen og den gamle Futegarden, rett sør for Hornnes kyrkje. Sagbrukseigar Olav Hornnes har (2017) heimelen til eigedomen. Han er gift med Anne Sofie Hornnes, økonomisjef i Evje og Hornnes kommune. Dei bur på eigedomen.

Historie

Hornnes kommune kjøpte i 1921 den dyrka jorda i Futegarden. Meininga var å bygge det nye gymnaset her. Men då det i staden blei bestemt at gymnaset skulle ligge på Jortveit, selde kommunen mesteparten av jorda til Asborg J. Hornnes i 1924. Bnr. 54 blei skild frå den gamle Futegarden i 1926, og det blei bygd nye setehus på den nye eigedomen i 1927. Eigedomen kom dermed til å bestå av nye hus og den gamle dyrkajorda i Futegarden.

Kjelder