Hornnes fråhaldslag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hornnes fråhaldslag slo rot i Hornnes-bygda kring 1885. Den nøyaktige stiftingsdagen er ikkje kjend. Ved århundreskiftet var medlemstalet kome opp i heile 230. I 1903 var fråhaldslaget med på å reise ungdomshuset Trudvang i Dåsnes saman med Hornnes frilynde ungdomslag. I 1907 skipa foreininga eit eige barnelag.

Laget var frå først av ikkje eit totalfråhaldslag, men eit måtehaldslag, skriv Olav Arne Kleveland. I 1910 blei måtehaldsprinsippet sett under røysting, og fekk fleirtal. Ein flokk melde seg då ut av laget, og skipa si eiga foreining Framstig. Olav A. Fennefoss vart leiar for dette laget. Han hadde arbeidt sterkt for å krevje totalfråhald av medlemene. I 1913 fekk kravet om totalfråhald fleirtal i begge laga, som då igjen slo seg saman til eitt lag.

Kjelde[rediger]