Hornnes Samyrkelag
Hopp til navigering
Hopp til søk

Hornnes Samyrkelag.
Foto: Utlånt av Alf Georg Kjetså
Hornnes Samyrkelag var ein daglegvarebutikk i Stasjonsbygda på Hornnes. Forretninga blei etablert i 1934. Dei første åra heldt butikken til i leigde lokale hos Olav Risdal i hotellet hans. Frå 1947 var forretninga i eigne lokale i nytt bygg rett over vegen for hotellet. Karl Mersland var styrar frå 1934. Åsmund Hasseldal skal ha vore den aller første kunden. Han kjøpte ei pakke sigarettar av merket «Golden West». Pakka kosta 40 øre. Seinare, frå 1970-talet, var Kjell Tengesdal styrar. Mellom dei som har arbeidd i butikken er Åsmund Åmli.
Kjelder
- Alf Georg Kjetså, Hornnes mi heimbygd, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2017, side 9