Hornnes Bakeri

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hornnes Bakeri var eit bakeri i Stasjonsbygda på Hornnes. Det blei starta opp av Gjertrud og Gunnar Abusdal i 1930-åra. På slutten av 1930-talet kjøpte Olav Lund og kona bakeriet. Då han døydde i 1942, overtok kona og dreiv det fram til 1945. Andre bakarar var Ståly, Wroldsen og Anders N. Kallhovd («Anders bakar») og Olav Hauge.

Bakarvarene blei sende med toget til Torgrim Kjetsaa på Evje, til Grunde Langeid sin butikk på Moi, til Konken i Dåsnes, til Torgeir Abusdal sin butikk og Augusta Austegard sin kafe i Dåsnes.

Kjelder[rediger]