Flateland camping

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Campingplassen ligg vakkert til ved Otra.

Flateland camping er ein campingplass ved Otra og Riksveg 9Flateland i Valle. Plassen har 18 hytter, 96 plassar med straumuttak og stort areal for telt og aktivitet. Olav Flateland i Kristiansand eig plassen. Frå 2013 har David Menger frå Nederland drive plassen, i 2016 fekk han med seg Caren Krul i drifta. Dei samarbeider med fleire nederlandske turoperatørar.

Området på Flateland camping er barnevennlig, det er ein flott leikeplass og i Otra er det ein vasstrampoline som er svært populær. Kvar torsdag er det arrangement i lavvoen på Flateland camping, det kan vere quiz, bål, svele eller folkemusikk med spelemenn som Knut Arne Rysstad og Jamie Lodberg.

I juli 2016 hadde Flateland camping 95% belegg. Det var difor behov for å bygge ut sanitæranlegget på plassen. Nytt sanitæranlegg blei bygd i 2016-2017, til ein kostnad av om lag to millionar kroner.

Kjelder[rediger]