Hestestégruva

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hestestégruva 24. mars 2020.

Hestestégruva er ei nedlagt kvarts- og feltspatgruve ved HestesteaneAustre Hodne, nord-aust i Iveland.

Historie[rediger]

I 1920-åra leigde Tellef G. Stien frå Evje gruva. Magne Hodne minnest drift i gruva i 1928. Men det var tungt og vanskeleg å kome opp til gruva, som låg inne på heia. Det var heller ikkje køyreveg til Hodne då. Drifta stansa ganske fort opp.

I 1966 kom det veg til Hodne, og med Hornesund bru (1969) over Otra til Vestre Hodne og Setesdalsbanen. Magne Hodne og Anders Omdal fekk bygd bilveg opp gjennom skogen til gruva. Dei skilde ei stor kvartsrøys som låg att utanfor gruva, og fann ein del ny kvarts og litt feltspat.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...