Fiskeløys (Heistad)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Vatnet sett nord-vestover frå parkeringsplassen ved inntakstunnelen til kraftstasjonen.
Foto: Geir Daasvatn
Fiskeløys er eit vatn på heia (702 moh.) nord-aust for Heistad i Bygland.
Vatnet er regulert. Det får tilført vatn frå Byrtingsvatnet via tunnel. Det naturlege avlaupet til Nyestøyltjønni er stengt, og vasstanden er heva med ein meter. Vatnet blir i staden ført gjennom tunnel til Sollidalen, der det blir ført inn på driftstunnelen til Hovatn kraftverk nede i dalbotnen.
Det går skogsbilveg (bomveg) opp lia frå Nordre Heistad til Heisvatn og Fiskeløys. Veg går også vidare til Sandvatn, men dette siste stykket er stengt med kjetting frå snuplassen ved Fiskeløys.
Kjelder
- Bygland på Kommunekart.com
- Plakat/oppslag ved bom på skogsbilvegen som går inn til vatnet
- Svein Jakob Saltveit, Fiskebiologiske undersøkelser i forbindelse med planer om overføring av Heisvassdraget til Hovatn, Aust-Agder, rapport utgjeve av Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske, 1983, side 6
- Otteraaens Brugseierforening, Revisjonsdokument – Reguleringskonsesjoner i Otravassdraget, dagsett 2. juli 2021, side 54