Heimrås
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Heimrås var ein husmannsplass under gardsbruket Der auste på Uleberg i Hornnes. Plassen skal ha blitt rydda av eigaren av bnr. 5, Gunstein Olson Uleberg (f. 1806, d. 1891) og bygsla bort kring 1840. Plassefolka då var Tollei Knutson Nordbø (f. ca. 1804, d. 1864) frå Evje og Åsa Olsdotter (f. 1811, d. 1880). Åsa og Tollei fekk åtte born saman.
I 1865 budde det åtte personar i Heimrås. Dei dyrka poteter, hadde ei ku og tre geiter.
I dag ligg den gamle husmannsplassen på bnr. 23. Heimelshavar (2024) er Ellen Cecilie Møllen.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 259
- Gunstein Uleberg Møllen, Kulturminnestudiar på garden Der auste, stykke i Jol i Setesdal, 2023, side 43–50
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk