Tor Hoslemo

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tor HoslemoSymbol unrelated.svg
Tor Hoslemo.jpg
Født: 2. august 1992 (26 år)

Tor Hoslemo (fødd 2. august 1992) er ein spelemann frå Bykle. Han er to gonger noregsmeister i hardingfele yngste klasse. Han har og vunne klassane sine på lokale kappleikar. Han har fått kulturstipend frå Bykle kommune både i 2004, 2008 og 2009. Han har og fått Aust-Agder fylke sitt kulturstipend på 30.000 kroner i 2007. Han har vore elev av alle dei fremste tradisjonsberarane i Setesdal. Dei viktigaste er Marton Laksesvela og Vidar Lande, og etter kvart er det blitt mange konsertoppdrag rundt om i landet.

Utanom livet som spelemann har han teke utdanning innan byggteknikk på Blakstad videregående skole og påbyggingsår for å få studiekompetanse på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes, der han var ferdig våren 2011. Hausten 2011 starta han så på folkemusikkutdanninga på Rauland.

I 2009 gav han ut plata Dalstroka innafor saman med Gard Nergaard frå Øyslebø og Johanne Flottorp frå Åmli. Plata vart gjeven ut av Agder Folkemusikkarkiv i samarbeid med Etnisk Musikklubb og markerte 10-årsjubileet for Agder Folkemusikkarkiv.

Han vann klasse B for hardingfele i 2012 og 2013, og rykka opp til klasse A i kappleikane. Han vann Setesdalskappleiken 2014 i klasse A og vart nr. 2 på Landskappleiken 2015. Der fekk han i tillegg Fureprisen på 50 000 kr. Prisen går til beste utøvar under 25 år uansett klasse.

Tor Hoslemo var den eine av tre medlemmer i gruppa Fjellfolk og har vore med som spelemann i Kulturpatrulja.

Kjelder[rediger]

  • Informasjon frå coveret til Dalstroka innafor side 2

Eksterne lenker[rediger]