Harald Branko Knutsen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Harald Branko KnutsenSymbol unrelated.svg
Harald Knutsen.jpg
Født: 1. mars 1970 (49 år)

Harald B. Knutsen (fødd i Hallingdal 1. mars 1970) er ein folkemusikar og spelemann som er busett i Setesdal. Han har leia Agder Folkemusikkarkiv sidan det blei oppretta i 1999. Det kan seiast å vera eit framhald av arbeidet han tok til med då han som 19-årig lærarvikar byrja leite etter gamle opptak, tradisjonar og historier. Harald studerte ved Høgskulen i Telemark si folkemusikkavdeling på Rauland, og enda det studiet i 1992 med ei oppgåve om å spela på kappleik, før han gjekk vidare og studerte kulturfag ved den same institusjonen. I 1993 fekk han Sagaprisen, og med den Magne Myhren som lærar. Føre han kom til Setesdal arbeidde han som folkemusikkonsulent i Buskerud. Harald har og vore i styret for Norsk Folkemusikk og -Danselag i to periodar.

Harald vaks opp hos dei folkemusikkinteresserte besteforeldra sine på Geilo og tok til med hardingfelespel då han var 11 år. Dei fyrste lærarane var Knut Skaro ved musikkskulen i Hol i Hallingdal og den gamle spelemannen Olav H. Foss. Seinare blei det vidaregåande på Gol og lære hos mellom anna Jens A. Myro på Ål og Knut Myrann og Odd Bakkerud. Fyrst på 1990-talet arbeidde han fire somrar hos Hallvard T. Bjørgum og Marianne BergSylvartun i Valle, og han seier sjølv at:

Dette samværet har hatt svært mykje å seie for meg som spelemann. Der vart hardingfelemusikken og samtala omkring spelet dyrka og sett i sentrum på ein måte eg aldri hadde opplevd før. Det vart eit eige akademi. Den rause måten eg og andre yngre spelemenn vart tekne imot på hjå Hallvard i Setesdal, er heilt utruleg...
Skaug, Tore: Årbok for norsk folkemusikk 2006 s.111

Då han tok til som leiar for Agder Folkemusikkarkiv reiste han Agder rundt og samla kutt av all slags folkemusikk anten det var stev, viser eller spel, nett som han hadde gjort for Hol kommune under siviltenesta. Setesdølen kalla han ved eit høve folkemusikkens Johannes Skar. Harald blei med i spelemannslaget Knut Heddis Minne som øver i stoga etter Knut Heddi. Laget har vorte noregsmeistrar tre gonger. Frå mars 2006 var han i eitt år prosjektleiar for «Bø i Felemark», som var ein nysatsing på museum og historieformidling omkring hardingfeletradisjonen i Bø.

Han var gift med Liv Tanche-Larsen. Dei har tre barn: Håvard, Åsmund og Eivind Tanche-Larsen Knutsen.

Kjelde[rediger]

  • Skaug, Tore: Årbok for norsk folkemusikk 2006 s.109-120