Eivind Tanche-Larsen Knutsen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eivind Tanche-Larsen KnutsenSymbol unrelated.svg
Eivind Tanche-Larsen Knutsen.jpg
Født: 2. mai 2000 (19 år)

Eivind Tanche-Larsen Knutsen (født 2. mai 2000) vann juniorklassen i munnharpespel på Landskappleiken 2015. Han vart og nr. 9 i C-klassen for hardingfelespelarar. Sigurd Brokke er læraren hans på munnharpe og far Harald Knutsen er hardingfelelæraren hans.

Landskappleiken 2016 vann han også. Då fekk han Furestipendet på 10.000 kroner. På Landskappleiken 2017 vart han også Norgesmeister jr. på munnharpe med 81 av 100 poeng. Han mottok på ny Furestipendet på 10.000 kroner.

Landskappleiken 2018 i Trysil blei Eivind på ny Noregsmeister jr. på munnharpe. Han oppnådde 73 poeng. I hardingfele klasse 3 fekk han ein 3. plass.

Kjelder[rediger]