Glenn Qvam Håkonsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Glenn Qvam HåkonsenSymbol unrelated.svg
Født: 7. august 1979 (43 år)

Glenn Qvam Håkonsen (fødd 7. august 1979) er senior finansrådgjevar/assisterande meklarsjef i Sparebanken Sør frå september 2022. Han var høgskulelektor på Handelshøyskolen BI Kristiansand. Han hadde og deltidsstillingar i Agder Energi og i Konsesjonskraft IKS, der han var rådgjevar for krafthandel. Frå 1. mars 2016 overtok han som leiar av Konsesjonskraft IKS etter Arne Tronsen.

Håkonsen vart vald til leiar i Otra IL hausten 2011, etter mangeårig leiar Finn Bjørn Rørvik. Han var kretsleiar i Agder og Rogaland Skikrets til 2013. På årsmøtet i Otra IL 8. mai 2014 gjekk han av som leiar av idrettslaget etter eige ønske, og overlot vervet til Jan Albert Haagensen. Håkonsen var prosjektleiar for utbygginga av «Nye Trollbakken hoppanlegg.

I februar 2023 blei Glenn Håkonsen to gonger Noregsmeister under NM i veteranhopp i Hasselbakken i Skien. Han vann i både K38-bakken og K62-bakken.

Håkonsen bur på Utsikten i Evje. Han er gift med Katharina Skavoll.

Heider

Kjelder