Glåmsheii
Hopp til navigering
Hopp til søk
Glåmsheii ligg i Setesdal Austhei, nord-aust for Hylestad, og sør for Ljomsnuten. Glåmsheii vert og omtala som Glåmen.
Frå Hovet fører ein skogsbilveg eit godt stykke inn i heia, men for å finna greiast veg vidare bør ein rådføre seg med lokalkjende folk. Frå Gjerdestøyl og Vindsåsen kan ein fylgje ein sti mot Fiskevatn. Vidare mot toppen må ein belage seg på å finna eigen veg. Det er fleire nokså jamnhøge toppar oppe på Glåmsheii, alle med ein framifrå utsikt horisonten rundt. Høgaste staden er på 1224 moh.
-å glåme- tyder å sjå seg rundt frå ein utsiktsstad.
Kjelder
- Valle Mållag:Talemålet i Valle og Hylestad
- Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3 side 20-25 ISBN 978-82-998304-4-7