Gåseflå (Vennesla)
Gåseflå er ein gard (gnr. 94) og ei lita grend på sørsida av Gåseflåfjorden, nord i Vennesla kommune, på grensa mot Iveland. Det er vegsamband over heia vestover til Kile i Hægeland, og sør-austover til Skaiå i Iveland og Røyknes i Vennesla. Setesdalsbanen gjekk forbi Gåseflå, og det var stoppestad her. I dag er den gamle jernbanelina forbi Gåseflå ein del av Nasjonal Sykkelrute nr. 3.
Historie
Gåseflå blei delt i to bruk i 1812; «Der nede» (bnr. 1) og «Der oppe» (bnr. 3). Seinare, i 1883, blei Åsen skild ut som eige bruk (bnr. 2). Der nede fekk mykje av jordet øydelagt av jernbaneanlegget og oppdemminga av Gåseflåfjorden på 1950-talet. Dei gamle husa på bruket blei ståande, men Kristiansand kommune overtok bruket. I 2016 vart husa på dette bruket skild ut som eigen eigedom (gnr. 94 bnr. 19), med heimelshavarar Andreas og Åse Helen Almedal.
Kjelder
- Kart/flyfoto over Gåseflåfjorden
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk
- Jon Åsen, Hægelands-boka. I. Gard og ætt, 1951, side 429–442