Tveit Nordre (Evje og Hornnes gnr. 128)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Hovlandsdalen med Tveit på høgda bak i biletet.
Foto: Geir Daasvatn

Tveit sett frå høgda 1. januar 2019, same dagen som garden blei ein del av Evje og Hornnes kommune.
Foto: Geir Daasvatn
Tveit Nordre er ein gard i Hovlandsdalen i Vegusdal aust i Evje og Hornnes kommune. Til 31. desember 2018 høyrde han til i Birkenes kommune. Garden ligg høgt og fritt sør for Hovlandsåna. I nord grensar garden til Hovlandsåna, i aust til Vegusdal, i sør-aust til Austre Haukom og i vest til Øygarden.
Historie
Garden er truleg rydda i før-kristen tid (vikingtida). Han blei liggande øyde etter Svartedauden, og rydda igjen rundt 1620.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 1995, side 85-105
- Om vedtak om overføring av Hovlandsdalen fra Birkenes til Evje og Hornnes på nettsida til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder