Frå Åmland til Rosseland
Frå Åmland til Rosseland er ein artikkel som stod i Setesdølen nr. 59, 2018 side 3. Ivar Haugen var forfattar, og han hadde denne overskrifta: «Evje og Hornnes sogelag inviterer til tur på sundag. Me går den gamle vegen mellom Hagen på Åmland og Rosseland.»
Frå Åmland til Rosseland
Sundag den 26. august 2018 inviterer Evje og Hornnes sogelag til ein ny vandretur. Me møtast på rasteplassen rett før Galteland. Der må me organisere køyringa opp til Åmland.
Åmlandsbygda er ei bygd som kanskje er noko ukjent for folk flest. Den består av fire gardar, det er Åmland, Skjeggestad, Kleggetveit og Kjebekk. Åmland er den einaste av disse som har fleire bruksnummer.
Me starte turen på snuplassen, ved enden av den kommunale vegen. Her ifrå ser me dei fleste bruka på Åmlandsgarden, bl.a. Skjerehaugen, Haugan, der Auste og Bjønneækra.
I Bjønnækra starta dei tidlig med kvarts-drift, og den gruva blei ei av dei største i gamle Evje herad. Det var eigaren av Bjønneækra, Mads Omland som i fyrstninga dreiv gruva. Seinare overtok A/S Norsk Feldspat Compani drifta i 1923.
Butikk på Skjerehaugen
På vegen opp mot bruket Hagen ser me Skjerehaugen til venstre, der var det butikk på slutten av 1890-talet. Det var Eivind Haugen som dreiv den til han selde eigedomen, og flytta til Kristiansand.
I Hagen ser me litt på staden der det gamle huset med årestova stod. Her ifrå går me vegen mot Skjeggestad. Me tar av vegen omlag halvvegs, og går så ned lia til Kleggetveit. Dette er ein gamal slektsgard som har vore i Kleggetveit-slekta i fleire hundre år. Fyrste personen som eg veit om er Jakob Tellefsen Kleggetveit, som kjøpte garden for tjuge riksdaler i 1747.
Husmannsplass under Høgetveit
Frå Kleggetveit fylgjer me den vegen som går mot Frigstadmyrane, kryssar Kvernhusbekken og etter ein kort tur kjem me fram til husmannsplassen Ødegården. Her tenkte eg at me skulle ta ein pause, og sjå oss litt omkring. Dette er ein husmannsplass som ligg under Høgetveit, og den blei rydda av Gudmund Andersen, som kom frå Grundset i Elverum. Han blei vigd med Siri Torgrimsdotter frå Høgetveit. I folketeljinga for 1865 bur det fire personar der. Dei har ei kyr, fire sauer og dei sår litt rug og setter ei og ei halv tønne med poteter. Ti år seinare budde dei aleine der, og dei hadde ikkje dyr lenger. Men dei dyrka to tønner med poteter og ellers var det fattigstellet som tok seg av dei. Det er endå tydelige murar igjen etter husa, og det er eit lange steingjerde rundt mykje av plassen. På ein klare og fin dag er der eit vidt utsyn frå plassen.
Stampe på Skjeggestad
Etter at me har kvilt her, går me same vegen tilbake eit stykke, før me tar av og fylgjer Kvernhusbekken nedover. Den har fenge namnet sitt etter kverna som stod på Kleggetveit. Samstundes var der på nabogarden Skjeggestad ei stampe, for behandling av vadmåls tøy. For å få nok vatn til å drive stampa og kverna, demte dei opp det som i dag blir kalla for Stemlonane.
Når me går langsmed Kvernhusbekken er me komen inn på den gamle vegen som gjekk mellom Åmland og Galteland, den såkalla midtvegen. Me fylgjer den ned mot Kjebekk, men fyrst passere me vegen som gjenge til Høgetveit og rett før me kjem fram til garden passere me dei gamle murane etter det eine bruket.
Kjebekk-garden
På Kjebekk vil bl.a. Reidar Kjebekk og Erik Kjebekk seie noko om plassen der dei ættar frå. Den gamle garden blei delt i to i 1813, og i folketeljinga for 1865 budde der fjorten personar på desse to bruka. På det eine bruket budde der ein leilending og på det andre bruket budde der ein gardbrukar. Han var og føllingshusbonde i 6. distrikt i Otra, d.v.s at han dreiv med fløyting. I skogkanten nedanfor husa, kan me sjå ei lita tuft, som trulig er restane etter ein husmannsplass. Den siste som budde der var trulig Åse Aslaksdotter som var født i 1801. På midten av 1870-talet blei ho forsyrgd av det ho fekk på plassen sin, og ellers var det fattigstellet som hjalp ho.
Tømmerfløytarar i Otra
Frå Kjebekk fylgjer me vegen vidare mot Galteland, og me kryssar Kjebekken, der den gamle steinbrua fortsatt er intakt. Vidare fylgjer me stien gjennom terrenget ned mot Galteland. Eit lite stykke før me kjem ned til bygda, passerer me husmannsplassen Monen. Den var plass under bruk nummer 1 på Galteland. Når tid plassen blei rydda veit eg ikkje, men i folketeljinga for 1865 budde det ein familie på tre der. Det var Tellef Eivindson, kona Åse Aslaksdotter og sonen Eivind. Han og faren var tømmerfløytarar i Otra. Eg veit litt om denne plassen og den siste husmannen som budde der, for i 1925 fortel sonen Eivind i eit intervju med Jon Løyland bl.a. at det var ein dårlig plass. Dei sådde aldri korn der, men dei setta poteter. På plassen fødde dei og ei ku. På grunn av at dei hadde arbeide med tømmerfløyting greidde dei seg tolleg greitt på plassen.
Etter å ha sett oss rundt om på plassen, er det ikkje lange stykket igjen til me kjem ned på vegen som gjeng frå Galteland til Lauvland. Her er me komen til endes på denne turen og me fylgjer så vegen tilbake til der me parkert bilane våre. Turarrangør er Olav Kiland og Ivar Haugen.
Bileta er frå Evje og Hornnes si fotosamling.