Flatebygd bedehus

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Flatebygd bedehus.

Flatebygd bedehus, også Fredly bedehus i Flatebygd vart bygd i 1916 og er eigd av Indremisjonen.

Erik Kjebekk, som vaks opp i Flatebygd, skriv: «Folk i Flatebygd gjekk i mange år til Evje på religiøse møte i bedehuset der, attåt møta som vart haldne kring i heimane i bygda. Bedehusverksemda i Flatebygd har vore liten dei seinare åra, tradisjonelle møte og møteveker er det nå så å seie ikkje. Positivt er det at ei gruppe kvinner kjem saman til føremiddagstreff der dei syr og driv med anna handarbeid som vert gjeve til bedehusbasaren. Eit par basarar i året samlar svært mykje folk på bedehuset i Flatebygd.»

«I Flatebygd ligg bedehuset like attmed vegkrysset midt i bygda (skiljevegen). Frå mine eigne barneår hugsar eg at det ofte var leven med gauling, hausting, banking i vegg og vindaug utanfor bedehuset medan møtet pågjekk. Slikt skapte sjølvsagt irritasjon. Ein gong vart det jamvel lagt pepar på omnen, og heile møtelyden måtte flytte til eit privathus. Finn Emanuel Olsen har fortalt i ei av sine bøker at då han stod i vekking i Flatebygd midt på 1930-talet, hadde nokre gutar lagt seg attmed vegen der han brukte å gå heim om kvelden. Dei ville gje han ein skikkeleg omgang juling. Men denne kvelden slo han fylgje med Syvert Åsland, og då gjekk dei ein annan veg enn den Finn Emanuel Olsen vanlegvis brukte å gå. Dermed vart det ikkje noko overfall.»[1]

Referansar[rediger]

  1. Finn Emanuel Olsen: Det gror langs veien. Artikkel i For Gud er alt mulig. Når lysene tennes 38. Lunde Forlag 1997 ISBN 82-520-4452-2

Kjelder og eksterne lenker[rediger]


Evje og Hornnes komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Evje og Hornnes kommune
461px-NO 0937 Evje og Hornnes.svg.png
Evje kyrkje · Hornnes kyrkje
Blåkorshuset · Elim Evje · Evje bedehus · Flatebygd bedehus · Hornnes bedehus · Krossen bedehus · Moi bedehus · Tryggheim bedehus
Furuly flerbrukshus på Verksmoen