Blåkorshuset

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåkorshuset.

Blåkorshuset blei bygd i KyrkjebygdaEvje på slutten av 1980-talet, etter at Nanna Nordbø hadde gjeve sagbrukseigedomen sin til Evje Blå Kors forening i 1985. I starten vart det sett opp fire brakker som vart kjøpte frå Steinsfossen for kr 10 000,-. Etter kvart vart dei til eit eige hus som vart påbygd i 2011. Laurdag 3. september 2011 vart det 80 m² store tilbygget med møtesal oppe og lagerrom i kjellaren vigsla av Erik Rüger.

Finansieringa av tilbygget var ordna med stor dugnadsinnsats og gode pengegåver frå mellom andre blåkors-foreningar i Lyngdal og Vanse, Evje og Hornnes kommune, kvinneforeninga Nålens Hvile og einskildgåver.

På opningsfesten var også ordførar Bjørn Ropstad til stades. Han helsa forsamlinga og overrekte ei gåve på 10.000 kroner til huset. Det var helsing frå Blå Kors Norge ved Amund Gillebo, som overrekte måleriet «Framtid og håp», frå Kristiansand Blåkorsspeidere ved Yngve Andersson og korpssjef Hilde Kvalheim. Dei overrekte måleri med motiv frå Dåsvannsdalen. På festen var det song og musikk ved Christine Høgetveit og Ole Aa. Brattfjord, pianospel ved Daniel Moseid og Hanna Moseid. Kjetil Thorsen hadde laga ein flott fotomontasje frå speidarleirane.

Huset vert brukt til mange formål. Det var base for Blåkorsspeiderne til dei innstilte aktiviteten. Her er også søndagsskule, konfirmantundervisning og dei fleste av Norkirken Evje sine møte på Evje.

Blåkorsforeninga på Evje blei lagt ned våren 2024. Norkirken Evje tok då over eigarskapen til bygget.

Kjelder

Eksterne lenker


Evje og Hornnes komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Evje og Hornnes kommune
461px-NO 0937 Evje og Hornnes.svg.png
Evje kyrkje · Hornnes kyrkje
Blåkorshuset · Elim Evje · Evje bedehus · Flatebygd bedehus · Hornnes bedehus · Krossen bedehus · Moi bedehus · Tryggheim bedehus
Furuly flerbrukshus på Verksmoen