Evje Sanitetsforening

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Evje Sanitetsforening er medlem i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Evje Sanitetsforening er sanitetsforeninga for Evje. Foreninga har faste møter kvar månad og dei driv også besøksteneste på Evjeheimen kvar månad. Dei lagar og fastelavensris kvart år, til fastelaven i 2011 laga dei 220 fastelavensrisbukettar som vart selde til inntekt for foreninga. Årleg lagar dei og basar, og kvart år har foreninga adventsmøte på Evjeheimen. Fra 2015 er foreningen gått sammen med Hornnes Sanitetslag i Evje og Hornnes Sanitetsforening.

Styre

På årsmøtet på Hotell Dølen 15. februar 2011 valde ein dette styret:

Historie

Evje Sanitetsforening vart skipa i Dåsnes i 1899, under namnet «Evje og Hornnes sygepleierforening». Føremålet til foreininga var å hjelpe sjuke og lidande. Det skulle i første rekke skje på det vis at foreininga skulle få lært opp ein sjukepassar, busett i Evje eller Hornnes, som skulle lønast av laget. Tora Neset bandt seg til å arbeide som sjukesøster i Evje og Hornnes i fem år etter endt utdanning.

I 1909 starta Ida Henriksen ei forening som hadde som føremål å bekjempe tuberkulose. Denne foreininga vart meld inn i Norske Kvinners Sanitetsforening, og fekk namnet Evje sanitetsforening.

I 1917 blei styret i Evje og Hornnes sygepleierforening einige om å skille lag. Det var uråd å greie seg med bare ei sjukesøster i begge bygdene. Midlene i laget blei delt likt. Dina Hesså, som var leiar i foreininga, heldt fram som leiar i Evje. Asborg Hornnes, som hadde vore "viseformand" sidan 1910, vart leiar i Hornnes.

Nå var det to sanitetsforeininger i Evje. Medlemene var mykje dei same. Folk gjekk i surr i namna. På eit møte i 1921 blei laga einige om å gå saman til ei foreining, "Evje sygepleier- og sanitetsforening". Jordmor Anna Rysstad blei vald til formann same året, då tidlegare leiar Johanne Fjellbu flytte frå bygda.

Namnet på den samanslåtte foreininga var både tungt og langt, skriv Anna Galteland, og blei seinare endra til "Evje helselag".

I 1930 tok Anna Rysstad opp tanken om å få etablert eit folkebad som førebyggande helsetiltak. Laget lånte 10.000 kroner av NKS sentralt, og fekk badet innreia i kjellaren på Evje kino. Bertha Haraldstad vart tilsett som badevakt. Badet gjekk etterkvart med dundrande underskot, og i 1952 vart det vedteke å legge det ned.

Etterkvart fekk foreininga andre og nye oppgåver. Kontrollstasjon for mor og barn, utdeling av mat og klede etter siste krigen (amerikapakker) og administrering av husmorvikarordninga etter 1947 var mellom desse.

I 1910 var medlemstalet 40 i Evje og Hornnes sygepleierforening tilsaman. I Evje aleine var det ei tid over 600 medlemer, og foreininga var mellom dei største i kommunen. I dag er det eindel færre medlemer igjen.

Sjå også

Kjelder