Bygland sogenemnd
Bygland sogenemnd er ei nemnd som Bygland kommunestyre oppnemner.
Innhold
Medlemmer frå 1935[rediger]
6. juli 1935 vart det gjort eit vedtak om «å samle tilfang til ei herads-kommunal soge og likeeins til å samle fotografi av ordførarane i Bygland i dei gjengne 100 år» i Bygland heradsstyre. Dei valde medlemmane var:
- Mikkjel Skjevrak
- Eivind Ose
- Aasulv Lande
Seinare slutta sokneprest Reidar Bolling og lærar Gunnar Lande seg til desse. I 1938 blei Torleiv Bø, Mikkjel Skjevrak og Aasulv Lande tilsett i redaksjonsnemnda for Byglands soge.
Medlemmer frå 1946[rediger]
Under eit møte i heradstyret 6. april 1946 kom ideen til å gje ut eit tillegg til Byglands soge (1939), og bygdesogenemnda hadde sitt fyrste møte i Heradshuset på Bygland 19. mai 1946:
- lærar Aa. Skomedal
- Eivind Ose
- Mikkjel Skjevrak (formann)
- Torleiv Bø
- Gunnar T. Lande
- sokneprest Reidar Bolling
- Aasulv Lande
Seinare ba Aasulv Lande seg friteken og i hans stad kom lærar Mikkjel Attestog inn i nemnda. Han blei vald til kasserar.
Då planane blei utvida til at dei skulle utgje ei omarbeidd og utvida bygdesoge fekk nemnda fleire medlemmer:
- forretningsførar Aslak Lidi
- Jon Løyland
- Knut Vatsend
- lærar Torleiv Bø
- høgskulestyrar Gunnar Aa. Lande, Søgne
Arbeidet blei til Gards- og ættesoge for Bygland (1952)
Medlemmer frå 1969[rediger]
Då det vart bestemd at Byglands soge skulle prentast på ny, valde kommunen ei bygdesogenemnd for å følga prosessen. Dei beslutta at den ikkje skulle utvidast, men prentast som den var i 1939, og det skulle arbeidast vidare med ei ny soge for Bygland. Dei valde medlemmane var:
- Knut P. Sandnes (formann)
- Hallvard Lidi
- Torleiv Bø
- Kristian Stubseid
- Knut Åland
- Gunnar J. Bakke
- Mikkjel O. Attestog
Medlemmer frå 2011[rediger]
For å videreføra Reidar Vollen sitt arbeid med Bygland gard og ætt vart desse oppnemnde som
- Medlemmer
- Eystein Greibrokk (leiar)
- Torbjørn Borgi (nestleiar)
- Birgit Attestog
- Reidar Tveito
- Eivind Bygland
- Varamedlemmer
Medlemmer fra 2015[rediger]
- Medlemmer
- Eystein Greibrokk
- Birgit Attestog
- Reidar Tveito
- Eivind Bygland
- Kari Aud Svenningsen
- Varamedlem
- Gunnar E. Lande
Kjelder[rediger]
- Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, s. 5–6 (1952)
- Bygdesogenemnda: Byglands soge, 28. januar 1970, side 5.
- Bygdesogenemnda: Byglands soge, «Fyreord» september 1939, side 7.
- Notis i Setesdølen nr. 93, 2011, side 3
- Notis i Setesdølen nr. 103, 2015, side 2