Breistøl & Falkgjerdet Maskiner

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Verkstaden på VerksmoenEvje.
Arnold Falkgjerdet er dagleg leiar i B & F Maskiner.

Breistøl & Falkgjerdet Maskiner (B & F Maskiner) er eit entreprenørselskap (AS) i Evje og Hornnes. Forretningsadressa er på Kjetså i Hornnes, men firmaet har eit kombinert verkstadbygg og hovudkvarter på VerksmoenEvje. Dagleg leiar er Arnold Falkgjerdet. Styreleiar er Osmund Breistøl. Dei to eig også selskapet, med 50 % av aksjane kvar. Selskapet sysselset (2019) rundt ti årsverk. Omsetninga i 2018 var om lag 15 millionar kroner. Firmaet blei skipa i 2007.

B & F Maskiner eig 50 % av aksjane i Hornåsen Eiendom, som står bak utbygginga av trinn III i Hornåsen bustadfelt i Hornnes. Firmaet eig også 50 % av aksjane i Runebergodden AS, eit eigedomsselskap som står bak utbygginga av Runebergodden hyttefeltSenum, heilt nord i Hornnes.

Kjelder