Runebergodden hyttefelt
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn


Foto: Geir Daasvatn
Runebergodden hyttefelt er eit planlagt hyttefelt på Runebergodden, ved breidda av Byglandsfjorden, på Senum heilt nord i Hornnes. Detaljreguleringsplan for Runebergodden, vedteken av Evje og Hornnes kommunestyre 3. juni 2016, er styrande for utbygginga. Det er regulert inn 11 hyttetomter ytst på odden. Tilkomsten er frå fylkesvegen på vestsida av fjorden.
Arbeidet med å opparbeide infrastruktur i feltet tok til med vegbygging i mai 2018. Selskapet Runebergodden AS står bak prosjektet. Breistøl & Falkgjerdet Maskin og KW-Holding eig 50 % kvar i selskapet.
Kjelder
- Oppslag/plakat på staden
- Proff.no
- Detaljreguleringsplan for Runebergodden, dagsett 3. juni 2016