Bjørgulv Myhola

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørgulv Myhola
Bjørgulv Myhola med stuten.jpg
Bjørgulv Myhola med stuten
Født: 21. september 1872
Død: 18. august 1968 (95 år)

Bjørgulv Sveinson Myhola (fødd 1872, død 1968) var bonde og krøterhandlar i Bygland.

SitatHan var ein særmerkt mann. Han var kjent over heile landsdelen, og knapt nokon setesdøl blei fotografert så ofte som han. Motivet var ofte «mannen med stuten». Det er fortalt mange soger om han, og det kan ikkje vere mange setesdølar det er skrive meir om heller. Sjølv var han ein glimrande forteljar i beste Setesdalstradisjon.Sitat
Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind I, s. 507

.

Bjørgulv overtok gardsbruket Myhola etter faren Svein Bjørgulvson (f. 1836, d. 1903) i 1905. Her blei familien verande til 1916/1917. Truleg budde Bjørgulv på Egså i Åseral eit par år etter dette. I 1920 kjøpte han gardsbruk (bnr. 2) i Bydalen i Åseral. Her døydde kona Birgit Halvorsdotter Myhola (f. 1867, Eldhuset bnr. 5) i 1926. I 1929 flytta Bjørgulv til Skomedal. Etter kvart fekk han seg her ein ny heim, som han kalla Lunden. Her budde han resten av livet, med unnatak for eit par år før han døydde. Då var han hos sonen Svenke i Lidi.

Familie

Bjørgulv og Birgit hadde borna Svein (f. 1895), Tone (f. 1897), Svenke (f. 1899), Anne (f. 1901), to dødfødde sonar (1904 og 1908) og Eivind (f. 1910).

Biografi

I 2021 gav Svein Inge Olsen ut boka Den siste av dei gamle, ein biografi om oldefar sin.

Kjelder