Bispevegmarsjen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bispevegmarsjen sin logo
Bispevegmarsjen.

Bispevegmarsjen er ein turmarsj frå Fyresdal til Valle første laurdag i august. Strekninga er om lag 30 kilometer og går i ulendt terreng over fjellet etter den ruta som vert kalla Bispevegen. Deltakarane vert køyrde i buss frå Valle til Fyresdal tidleg om morgonen før marsjen startar og dei fleste brukar fem til seks timar på turen. Deltakarar frå Fyresdal får busstur heim att etter at dei er komne i mål. Marsjen vert arrangert av Valle IL og Fyresdal IL og vart fyrste gongen arrangert i 1982. Startpengar er 50 kroner, bussturen kostar 250 kroner. Alle får deltakarmedalje første året, deretter ekstra medalje eller premie etter 5., 10., 15., 20. og 25. året.

Ruta[rediger]

Bispevegmarsjen startar på Nøs før Øysædammen i Fyresdal, og avsluttast ved Valle skule. Høgaste punkt på marsjen er Rolvskvil på 1140 meter over havet. På Nystøyl har Fyresdal IL matstasjon der ein kan få kjøpt saft og pølser, og i Tveitebø har Valle IL drikkestasjon.

Deltakarar[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]