Bertel Olai Botnevik

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bertel Olai Botnevik
Født: 4. februar 1932
Død: 18. januar 2013 (80 år)

Bertel Olai Botnevik (fødd 4. februar 1932, død 18. januar 2013) var sokneprest i Evje og Hornnes. Då han gjekk av, hadde han alt flytta inn i eige hus i Oddeskogen. Den siste tida budde han på Evjeheimen. Han etterlet seg kona Johanna Botnevik, søsken, svoger og svigerinner. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 25. januar 2013 klokka 13. Han ynskte ikkje blomar eller kransar, men heller ei gåve til Evjeheimen, Hornnesheimen og Iveland bygdeheim.

Botnevik vart cand.theol. frå Menighetsfakultetet i 1962, tok praktikum året etter og vart deretter ordinert til stiftskapellan i Bjørgvin. I 1967 vart han sokneprest i Selje, i 1974 på Jevnaker, 1979 i Samnanger, 1986 i Hinna. I 1988 kom han til Evje, der han var i teneste til 1999.

Kjelde[rediger]