Augund K. Brottveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Augund K. Brottveit
Født: 11. april 1925
Død: 3. mars 2014 (88 år)

Augund K. Brottveit (fødd 11. april 1925, død 3. mars 2014) var lærar i Valle frå 1. juli 1962, då han starta som skuleinspektør på Valle skule. Han slutta 1. august 1990 etter 28 års skulearbeid i Valle. Han var både lærar og rektor på Valle skule. Han var skulesjef for Valle og Bykle frå 1976 til 1981. Før han kom til Valle, hadde han vore lærar i Vennesla. Han har gymnas og lærarskule og to år på Statens Lærarhøgskule. Han har og gått på Statens sløyd- og teiknelærarskule og han har gått gymnastikklina ved Agder Folkehøgskule. Han var formann i byggenemndi for Sætrum ungdomsskule og for Valle barneskule.

I tida etter at han vart pensjonist, skreiv han saman med Anna Stella Karlsdottir og Knut K. Homme 10. bind i Bygdesoga for Valle: Utvandringi til Amerika, som kom ut i år 2000.

Den siste tida var han på Valle Bygdeheim. Han etterlet seg kona Kristin Brottveit, borna Margit Brottveit og Kjetil A. Brottveit, svigerbarn og barnebarn. Gravferda var frå Valle kyrkje tysdag 11. mars 2014. Etter gravferda var det minnesamvær på Sølvgarden. Like kjært som blomar var ei gåve til dagsenteret ved Valle Bygdeheim.

Kjelder[rediger]