Øyvassvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Øyvassvegen er ein skogsbilveg, stengd med bom, på heia på garden Abusland heilt sør-vest i Evje og Hornnes. Vegen går frå Fylkesveg 301 (Abusdalsvegen) ved husa på Abusland, kryssar Kallandsbekken på bru og slyngar seg om lag 2,7 kilometer sør-vestover i terrenget til Øyvassmoen ved Øyvatnet i Kosånavassdraget.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 207