Ørnefjell turløype
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sola stig opp over Ørnefjell ein kald oktoberdag. Mot sør ligg Hornnes gøymd i morgondisen.
Foto: Geir Daasvatn
Ørnefjell turløype byrjar ved Oddeskogen barnehage nær Oddeskogen bustadfelt i Evje. Løypa går gjennom skogsterreng og har nokre bratte parti undervegs. Ho går forbi gamle Ørnefjellbakken, ein mykje brukt hoppbakke i bygda frå 1934 til slutten av 1940-talet. Ved toppen av Ørnefjell, 371 m.o.h., er det postkasse med gjestebok, og bord og stolar så ein kan kvile og nyte naturen. Lengda på løypa er 3,5 kilometer tur/retur. Løypa er merka og det står skilt med kart ved starten.
Det er også tydeleg merka tursti til toppen av Ørnefjell frå Åvollkleiv ved Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) rett aust for Tingbergheia bustadfelt.