Årstala ved Stigemo

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sett frå Storestraumen, nord for Bygland. Dei omtala årstala skal vere i det opne fjellpartiet til venstre i biletet, halvveges oppe i heia.
I det glattaste partiet, nedre del mot høgre, mellom toppen av bjørka til venstre og furubusken, der er desse årstala. Litt ovafor, meir mot venstre, er det også ymse strekar, ma. noko som liknar eit hjarta.
Foto: Reidar Tveito
Heidi Marie Tveito og Jan Egil Hansen granskar årstal.
Foto: Reidar Tveito

Høgt oppe i berget ovafor Stigemo ved Storestraumen har ein meint i alle år at det har vore meisla inn nokre årstal. Om det står 1713, 1717 eller 1723 har det vore ulike meiningar om, for årstala er ikkje så lette å sjå.

Årstala har lenge vore kjend[rediger]

Den 5. september 1986 sto dette innlegget i Setesdølen:

Eit årstal i fjellet ved Storestraumen
Når ein køyrer av riksveg 12 (9) nordanfor Storestraumen i Bygland og om lag 100 meter sørover på vegen ut mot Hamre, og stoppar på den møteplassen, kan ein sjå oppe i heia i ein loddrett fjellvegg eit årstal, eller berre eit tal. Der står det hogge inn i loddrette fjellveggen 1713. Det kan óg vere 1723, for det eine talet er litt utydeleg. Den som har hogge inn dette talet, må ha hange etter ein reipstege eller ein vidjestege, for nedanfrå er det uråd å kome.
Det gjekk ein gong for lang tid sidan ein mann frå Åseral over heia til Bygland. Det var om vinteren og han gjekk på ski. Det må ha vore tett tåke eller snjomyrkt, for åsdølen gjekk utfor og slo seg i hel. Det var i det området der dette talet står i fjellveggen. Kan det tenkjast at dette talet er hogge inn der til minne om han?
O.U.

Det kom ingen kommentar til dette innlegget, men i 2010 tok Oddvar Såghus tak i desse årstala, og saman med Reidar Tveito freista ein å få tatt brukbare bilete, noko som ikkje var så lett. På førespurnad hjå bygdebokskrivar Reidar Vollen kom det fram andre opplysningar som kan hende kunne knytast til desse årstala. Ein kan lesa om dette på side 376 i Bygland gard og ætt, band 6, der det står at Gunstein Mikkjelson Skomedal døydde i ca. 1717, 36 år gamal. Sonen Gunstein Gunsteinson Skomedal vart fødd same året, truleg etter at faren var død. Dei var grunneigarar til dette området der ma. desse årstala står. Så kan ein tenkje at sonen i vaksen alder meisla inn desse årstala? Sigurd Haugsgjerd hadde ein artikkel om dette i Setesdølen 22. oktober, men heller ikkje denne gongen hadde nokon andre fleire opplysningar å gje.

Nærkontakt med årstala[rediger]

Det er eit aktivt klatremiljø i Kristiansand, med avgreiningar til Evje, og der var ein lysten på å sjå nærare på desse årstala. Som det sto skrive i avisinnlegget frå 1986, så er det uråd å koma nær årstala på vanleg måte, men i 2011 fira Jan Egil Hansen og Heidi Marie Tveito seg ned i tau frå utspringet ovanfor tala. Ein kom då nær nok til å kunne taka direkte på fjellsida, men dei var heilt overtydd om at dette berre var naturlege sprekkar i fjellveggen. For å vera 100 % sikker på dette, måtte ein nok ha fira ned ein arkeolog. Men det er ikkje mange slike som driv med fjellklatring. Så då får ein tru at det er naturens luner som har spela menneska eit puss gjennom snart 300 år.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]