Ånaråne
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ånaråne renn ned gjennom Ånarådalen og ut i Botsvatn frå nord, mellom Strondefjell i aust og Brattlandsfjellet i vest, i Nordbygdi i Bykle. Tett ved Ånaråne, heilt ned mot Botsvatn, ligg Skolås. Nedre del av elva blei difor tilbake i tid gjerne kalla Skolåsåne. Dei som budde i Botnen gjekk opp langs Ånaråne når dei vår og haust måtte over Strondefjell for å kome til Nordbygdi.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 23–25
- Alfred Ryningen/Folke Nesland, Stadnamn i Botnen. Gnr. 7, 8, 9, manuskript, 1996, attgjeve av Eivind Bratteland i Dysjesoga, 2018, side 339–346