Skysstasjon
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skysstasjon var ein stad der skysskaffaren mot betaling plikta å køyre den reisande til neste stasjon. Der tok ein annan skysskaffar over stafetten. Systemet var gamalt. Stasjonane var plasserte med jamne mellomrom, slik at det blei ei passeleg reise for mann og hest.
Stasjonane blei flytta etter behov. Skysskaffaren kunne til dømes bli sjuk, eller alderen kravde sitt. I 1857 skal det ha vore desse stasjonane frå Valle og sørover: Rike, Rysstad, Langeid, Frøysnes, Åkhus, Longerak, Guldsmedmoen, Faret, Moi, Hægeland, Reiersdal, Homsmoen, Mosby og Kristiansand.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 36–37