Setesdalsfolk – folkemusikk og dans i Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. januar 2023 kl. 19:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdalsfolk – folkemusikk og dans i Setesdal er eit 3-årig prosjekt med siktemål å ta vare på og formidle vidare den unike arven knytta til spel, song og dans i Setesdal. Oppstarten var 1. januar 2021.

Bakgrunnen for prosjektet er at setesdalstradisjonen med spel (hardingfele og munnharpe), song (stev og stevjing) og dans (setesdalsgangar) er tatt inn på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv. Agder fylkeskommune finansierer prosjektet. Annbjørg Lien er tilsett som prosjektleiar. Deltakarkommunar er Bykle, Valle og Bygland.

Formål og overordna mål

Formål og overordna mål for Setesdalsfolk sitt arbeid i eit UNESCO-perspektiv, vil vere å verne om folkemusikk og -dans brukt i Setesdal, som i første omgang omhandlar rekrutteringsarbeid, dvs. å få fleire born til å utøve UNESCO-elementa (hardingfele, munnharpe, stev, stevjing og dans). Gjennom godt samarbeid med sentrale aktørar kan dette vidare styrke lokal identitet, eigenkraftmobilisering og berekraft i øvre Setesdal.

Kjelder

Eksterne lenker