Oskar Roel

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. oktober 2022 kl. 19:03 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kjelde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oskar Roel
Født: 19. februar 1932
Død: 30. september 2022 (90 år)

Oskar Arnliot Roel (fødd 19. februar 1932, død 30. september 2022) var pensjonist og budde i Hampefjellet 3 på Byglandsfjord. Før han vart pensjonist var han styrar på Setesdal Meieri på Byglandsfjord. Den siste tida var han på Byglandsheimen. Han etterlet seg barna Siv og Kristin, barnebarn, svigerbarn og annan familie. Kona Gretha Mathea Roel døydde i 2020. Gravferda var frå Årdal kyrkje torsdag 13. oktober 2022 klokka 13.

Roel var ein svært sentral dugnadsmann då Otra IL bygde Otra-hyttaSenumsheia vest for Byglandsfjord. Han var også fotballspelar i Otra IL i ei årrekkje. Då Bygland kommune bygde Årdalshallen sat Roel i Bygland kommunestyre for Bygland Bygdeliste, og var med på å drive det prosjektet igjennom. Han representerte Bygdelista i kommunestyret i åtte år, frå 2003 til 2011.

Oskar Roel var også ein ivrig bowlingspelar, og han var både kasserar og leiar i Evje Bowlingklubb på 1990-talet.

Heider

  • Æresmedlem i Otra IL

Kjelder