John T. Dåsvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. juli 2017 kl. 19:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
John T. Dåsvatn
John T. Dåsvatn med dotter Torborg og kona Anna.jpg
John T. Dåsvatn med dottera Torborg og kona Anna.
Foto: Privat
Født: 1. mars 1870
Død: 12. oktober 1964 (94 år)

John T. Dåsvatn (fødd 1870, død 1964) var småbrukar i KlevenØvre Dåsvatn i Hornnes og vegvaktar i Dåsvannsdalen. Han var gift med Anna S. Dåsvatn (fødd Ose). Dei hadde borna Tomas Daasvatn, Tora Kjetså, Marie Vika , Gunhild Skripeland og Torborg Uleberg. Foreldra til John var Tomas Johnson Tønnesland-Espetveit-Dåsvatn og Tora Johnsdotter Dåsvatn (fødd Kjetså).

John vaks opp på Espetveit i Hornnes. Rundt 1880 flytta familien til Støylen. I 1891 kjøpte foreldra småbruket Kleven på Øvre Dåvatn. John og Tora flytta heim og overtok småbruket då begge foreldra døydde i 1926. Bruket var ikkje stort. Utmarka og slåttemarka var bratte og tungdrevne. I tillegg til gardsdrifta hadde John jobb som vegvaktar for vegstykket mellom Staven på grensa til Åseral og Våebrua ved Støylen i Dåsvannsdalen. Han fekk betaling for 100 arbeidsdagar på vegen. Han var også aktiv i lokalpolitikk, og sat fleire år i kommunestyret i Hornnes.

Kjelder

  • Torleiv Vika, Våre røter - Kleven Øvre Dåsvatn, trykt hefte (privat)