Skilnad mellom versjonar av «Haugland (Evje og Hornnes gnr. 28)»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Lenke Sutestad)
s (Lagt til en kategori)
Line 11: Line 11:


[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Garder i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Hornnes]]

Versjonen frå 24. januar 2019 kl. 08:12

Fil:Haugland Hornnes 161015.jpg
Eit av bruka på Haugland. I framgrunnen skimtar ein Abusdalsvegen.

Haugland (gnr. 28) er ein gard på heia mellom Moisund og Abusdal sør-vest i Evje og Hornnes kommune. I nord-aust byter garden mot Tønnesland, i sør-aust mot Sutestad og i vest mot Espetveit. Gardsnamnet er typisk for folkevandringstida, rundt år 500 e.Kr.[1]

Saman med gardane Sutestad og Tønnesland lager Haugland ein rein «firkantgard». Kanskje er grunnen at dei har vore ei eining etter øydetida etter Svartedauden.[2] Etter «leidangslistene» for 1601 låg Haugland då øyde, men betalte både leidang og kongstidene. Det tyder på at garden på den tid vart bruka frå Tønnesland.[3]

Kjelder

Referansar

<references>

  1. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 30
  2. Gardsnamn i Hornnes, side 30
  3. Gardsnamn i Hornnes, side 30