Gylii

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. november 2019 kl. 07:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gylii er ein stad på austsida av Otra, heilt nord i Valle, opp mot grensa til Bykle. Riksveg 9 passerer forbi Gylii, og i tidlegare tider var staden eitt av dei verkeleg kronglute vegstykka mellom Valle og Bykle. Ei utbetring av dette strekket tidleg på 2000-talet heva standarden på vegen mykje.

«Namnet kjem truleg av ein stor stein i elva kalla Gygri - ei trollkone», skriv Leonhard Jansen i boka om Postvegen.

Kjelder

Kart

Laster kart...