Gylii

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Otra i Gylii med Løylandstippen i bakgrunnen 19. august 2025. Om lag midt i biletet, bak nokre grantre, står truleg Gygri.
Foto: Geir Daasvatn

Gylii er ein stad på austsida av Otra, heilt nord i Valle, opp mot grensa til Bykle. Riksveg 9 passerer forbi Gylii, og i tidlegare tider var staden eitt av dei verkeleg kronglute vegstykka mellom Valle og Bykle. Ei utbetring av dette strekket tidleg på 2000-talet heva standarden på vegen mykje.

«Namnet kjem truleg av ein stor stein i elva kalla Gygri - ei trollkone», skriv Leonhard Jansen i boka om Postvegen.

Kjelder

Kart

Laster kart...