Gåseflå (Vennesla)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. april 2019 kl. 09:01 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt meir historie + kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa i «Der nede» på Gåseflå 22. april 2019.

Gåseflå er ein gard og ei lita grend på sørsida av Gåseflåfjorden, nord i Vennesla kommune, på grensa mot Iveland. Det er vegsamband over heia vestover til Kile i Hægeland, og sør-austover til Skaiå i Iveland og Røyknes i Vennesla. Setesdalsbanen gjekk forbi Gåseflå, og det var stoppestad her.

Historie

Gåseflå blei delt i to bruk i 1812; «Der nede» (bnr. 1) og «Der oppe» (bnr. 3). Seinare, i 1883, blei Åsen skild ut som eige bruk (bnr. 2). Der nede fekk mykje av jordet øydelagt av jernbaneanlegget og oppdemminga av Gåseflåfjorden på 1950-talet. Dei gamle husa på bruket blei ståande, men Kristiansand kommune overtok bruket. I 2016 vart husa på dette bruket skild ut som eigen eigedom (gnr. 94 bnr. 19), med heimelshavarar Andreas og Åse Helen Almedal.

Kjelder

Kart

Laster kart...