Eldsnesvegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. januar 2017 kl. 09:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eldsnesvegen langs Otra ved fylkesgrensa. I bakgrunnen ser ein Ivelandsbrua.

Eldsnesvegen er ein grusveg på austsida av Otra ved Kilefjorden Camping heilt sør i Evje og Hornnes. Vegen startar ved Ivelandsvegen rett vest for Horne bru og går sørover til kommunegrensa mot Vennesla, som samstundes er fylkesgrensa mot Vest-Agder. Det ligg eindel fritidsbustader langs vegen, og eit nytt hyttefelt i Eldsnesheia ved fylkesgrensa.

Ein kan følge vegen (den gamle jernbanetrasèen) vidare frå fylkesgrensa til han munnar ut i Riksveg 9 i Kiledal nord for Kile i Hægeland. Heile denne vegstrekninga frå Kilefjorden Camping til Kiledal er ein del av Nasjonal Sykkelrute nr. 3.

Kjelder

  • Kommunekart.com
  • Vegkart for Eldsnesheia og Eldsnestoppen på heimesida til Evje og Hornnes kommune, dagsett 28. juli 2015